Aktivitetar i nærområdet til hyttene Rundt hyttene er det god plass for leik og spel for vaksne og barn. Det er sett opp nett for badminton, softball og volleyball. God plass for fotball og andre aktivitetar. Frå hyttene er det merka stiar til skog og fjell. I skogen kan de plukke skogsbær eller sopp. Det er eit variert fugle og dyreliv, men Kaupanger er kjend for sin store stamme av hjort. Kart ligg i hyttene. Avstand til badestrand er 1 km –10 minutt
Båt Ynskjer de ein fisketur eller fjordtur er ein båt til gjengeleg. Storleik: 15 ’ Motor: 6 hk Suzuki Personar: 4. Flytevestar er tilgjengeleg. Prisar: Leige av båt med motor: NOK 150 pr dag + utgifter til bensin
Butikkar Til næraste daglegvarebutikk Prix er det 4 km. Ynskjer de eit større utval av varer er regionsenteret Sogndal berre 15 minutt unna.
Aktivitetar i Indre Sogn Innan 1-2 timar kan de ta turane til desse kjende reisemåla - Ferjetur på Nærøyfjorden til Gudvangen - Flåmsbana - Jostedalsbreen - Stavkyrkjer – Kaupanger, Borgund og Urnes - Sogn Folkemuseum